Gamlebanken logo
STADEN| ROMMAFELLESAREALA|OMGJEVNADENE|OSS I GAMLEBANKEN|BOOKING|GALLERI|ENGLISH

 
 

MASFJORDEN; fjord og fjell og mykje natur

Gamlebanken B'n'B ligg i Masfjorden kommune, omtrent midt på kyststripa i det nye Vestland fylke. Her er det relativt kort vei (ein time med bil) til verdsarvbyen Bergen, med alt den har å tilby besøkande. MEN; enda betre; Det er kort vei til både fjord og fjell her frå Gamlebanken!

Området eignar seg for sykkelturar, padleturar, fjellturar og fisketurar. Eit steinkast unna finn du ei koseleg lita sandstrand der du kan nyte late sommardagar. Det er kort vei til botnen av Ådneburen, som bildet er tatt frå, en "knaus" på 797 m.o.h., som også kan vere eit utgangspunktet for en litt lengre tur, til Kalvedalshytta. Elles er det mange andre toppturar å ta seg ut på her i bygda vår.

Tar du deg ein lita spasertur finn du, berre tre-fire minutts gange, ein koseleg lita landhandel som har det meste du skulle trenge. Like ved stranden finn du Sandneskafeen. Her kan du, fleire gonger i veka, nyte Berits matlaging og få deg ein herleg heimelaga lunsj eller middag. Kaffe og dessert, eller berre ein is er det også mogeleg og få.
Gamle Kvamsdal Fargeri og Nothuset er museum ein kan besøkje heile sommaren og litt utpå hausten. Dei har ope kvar sundag.

Hjå oss her i Gamlebanken kan man få tilgang til båt med mogelegheit for både tube, wakeboard, dykking (om ein driv med slikt), eller fiske/sightseeing. Blir dette for strabasiøst kan du kanskje heller velje å leige ein eller begge av våre to kajakkar, og utforske strandlinja i området, kanskje plukke nokre blåskjell til kveldskosen, fiske litt makrell, eller bare nyte å vere tett på naturen, for det er få steder i verden man kan gjere det meir enn her i Masfjorden!

Med venleg helsing Hege & Jon

 
     
© Gamlebanken BnB 2021